top of page
hvit Mist
hvit Mist

FRÅ BYEN DET BÆRER 

 

- Tekst A. O. Vinje, melodi Magne Skjævesland -

​

Magne Skjævesland: vokal 

Birger Mistereggen: trommer/perkusjon 

Anders Søraas: ak. gitar (nylon)

Sondre Mæland: melodigitar, rytmegitar, el. bass 

Anders Aarum: piano, trekkspill

Benedicte Royer: bratsj

 

Frå byen det bærer eg løfter på hatt, Gud veit no den dagen når dit eg kjem att. Farvel hovudstaden i deg var det best, der fann eg dei beste, der lærte eg mest. 

Lat sjå du som alltid på folk helder styr. For du er den karen som temja kan dyr.

Men ufrisk i varmen eg alltid deg fann, du er liksom tanken du elder din mann. 

Så derfor til fjells vil eg draga som døl. Og kjenningar finna og gløyma meg sjølv. 

 

 

STORE MENN 

 

- Tekst A. O. Vinje, melodi Magne Skjævesland -

​

Magne Skjævesland: vokal

Birger Mistereggen: trommer/perkusjon

Anders Søraas: ak. gitar (nylon)

Sondre Mæland: el. bass

Anders Aarum: piano

​

Om store menn dei falla frå, som gras om vår vi nye får.

Den eine mann er tidt ein tolk, men tanken eig det heile folk. 

Er tanken god han lever då, for det om mannen døyr ifrå.

Og kjem for det han bort eit bil, han betre atter koma vil. 

Som verda gjekk før vi kom til, slik etter oss ho også ganga vil.

Den største mann det stolte syn, mot folkets sol er som eit lyn. 

Når det er mørkt lynet lyser bjart, men blinkar bort og alt er svart. 

 

 

DEN NORSKE OG DEN SVENSKE MANN 

​

- Tekst Aa. O. Vinje, melodi Magne Skjævesland -

​

Magne Skjævesland: vokal

Birger Mistereggen: trommer/perkusjon

Anders Søraas: ak. gitar, dobro, mandolin, el. gitar

Sondre Mæland: el. 12-strengers slide- gitar, el-gitar: bass

Anders Aarum: piano, trøorgel

​

 

Den norske og den svenske mann, tidt møttest her som stål mot stein.

Dei gamle slåst om folk og land, som bikkjer om eit stykkje bein.

Den eine vann det eine år, og drakk på det i mjød og bjor.

Men så fekk han sitt banesår, av son til den han drap i fjor.

Ja det var folk som sådde hat, og endå gud om vokster bad, 

dei gav ulv og ramnen mat, og om slik kjempegjerning kvad. 

 

Den norske og den svenske mann, den norske og den svenske mann,

den norske og den svenske mann. 

 

Dei gjeve menn dei våpen bar, og berre for med det som beit.

Mens kvinnfolka heime trælar var, og der med gardebruket sleit. 

Der ser vi livsens forne form, som då bar gull og ære inn.

Der ser vi folk som sådde storm, og høysta derfor kvervelvind. 

Og derfor voks der lite på, den sure jord som Gud dei gav. 

I staden for sitt korn å så, dei heller åkrar svidde av. 

 

Den norske og den svenske mann, den norske og den svenske mann,

den norske og den svenske mann. 

  

Den sure jord var full av kjerr, på eng og åker liten gro.

Det hjelpte litt om her og der, dei gjødde jord med manneblod. 

Dei sat og kvad til stridens lov, av røyken svarte i sin heim.

Det heile var eit liv av rov, åh lat oss røma i frå dei. 

Folk seier endå all den strid, var likså god som han var sterk,

og reiser støtter denne tid, for menn av slikt eit villmannsverk. 

 

Den norske og den svenske mann, den norske og den svenske mann,

den norske og den svenske mann.

 

Nei, la synda sova i sin fred, og ikkje æra henne slik,

og lat oss ikkje stiga ned i denne kjellar fylt med lik. 

Når slikt det tåler visst det då, er skapt av rette to og ty.

Det endå om det leitar på, kan slåst som før og aldri fly. 

At enno liv kan verta fødd, med mot og merg og auga blå,

og at det ikkje er forblødt, men hjarta varmt kan enno slå. 

 

 

Den norske og den svenske mann, den norske og den svenske mann,

den norske og den svenske mann. 

 

 

KVELDEN DU VEIT VEL 

​

- Tekst A. O. Vinje, melodi Magne Skjævesland - 

​

Magne Skjævesland: vokal

Birger Mistereggen: trommer/perkusjon

Anders Søraas: ak. gitar (nylon)

Sondre Mæland: mellodigitar, rytmegitar

Anders Aarum: piano

Benedicte Royer: bratsj

Annette Munster: koring

 

Fager var kvelden som her eg no vil få gjort til ei visa,

prøva eg vil om eg andre fær til den kvelden å prisa. 

Midtsumar var denne heilage dag og sol ville dala,

gauk og småfuglar song då i lag, og alt måtte tala. 

 

Skuggane breidde si kåpe så blå på blømande engi, 

bakkar som kvelssola vende ifrå, sin kyss hadde fengi. 

Endå på åsar i grønt og i blått skein sola og blenkte,

allting det raudna på farvel imot natt det sukkande tenkte. 

 

Garden var stor ikringom eg for med damer så gilde,

fagre dei var kledde med flor og hjarteleg snille. 

Oppetter bakkar me sprang då så vidt og gardar me såg,

likesom barn dei i vogga så blidt og drøymande låg. 

 

Når så på garden me atter kom på, i hagen me gjekk,

roser me plukka med piggane på som me gav bort og fekk. 

Så ned på voll under hengebjørk lut me glade oss sette, 

såg der på månen som steig framom nut på kveldsky så lette 

 

 

SETERJENTA 

​

- Tekst Aa O. Vinje, melodi Magne Skjævesland -

​

Magne Skjævesland: vokal

Birger Mistereggen: trommer/perkusjon

Marius Løkse: trekkspill

Annette Münster; kor-vokal

 

Eg såg seterjenter på min veg, så fagre aust og vest.

Men sist eg råka her på deg, og du ja du er best,

sist eg råka her på deg, og du ja du er best. 

For eg vanka om på setrar vidt og armod mest eg fann.

Om seterliv eg drøymde tidt, men her er draumen sann,

om seterliv eg drøymde tidt,men her er draumen sann. 

Eg såg seterjenter på min veg, så fagre aust og vest.

Men sist eg råka her på deg, og du ja du er best,

sist eg råka her på deg, og du ja du er best. 

 

 

HEIMLAUS GUT 

​

Tekst Aa. O. Vinje, melodi Magne Skjævesland -

​

Magne Skjævesland: vokal

Anders Søraas: ak. gitar (nylon)

Anders Aarum: piano

Benedicte Royer: bratsj

​

Å kjære vene, ikkje drøym, med handa etter skuggen min.

Og ikkje framom andre gøym på meg i milde hugen din.

For eg kan ikkje vera guten din, avdi eg er ein heimlaus gut, heimlaus gut. 

Som stiger støtt til andre inn, til andre inn. 

For atter snart å draga ut, eg er ein heimlaus,gut, heimlaus gut. 

Som stiger støtt til andre inn, for atter snart å draga ut. 

Eg er ein heimlaus gut. 

 

 

Å VILJA VEL 

​

- Tekst Aa. O. Vinje, melodi Magne Skjævesland -

​

Magne Skjævesland: vokal

Birger Mistereggen: trommer/perkusjon

Anders Søraas: ak. gitar (stål), dobro

Sondre Mæland, el. bass

Anders Aarum: trøorgel, trekkspill Benedicte Royer: bratsj

 

Å gjera vondt, så mang ein trur, og færer fram i syndeferd.

Men Gud er god og derfor snur mot honom sjølv det slag han slår.

Gud er god og derfor snur mot honom sjølv det slag han slår. 

Å gjera vondt, å gjera vondt, å gjera vondt. 

Og derfor helller ingen er som slik ein arming lite sæl.

Og om han ikkje er oss kjær, så må me vilja honom vel.

Om han ikkje er oss kjær, så må me vilja honom vel. 

Å vilja vel, å vilja vel, å vilja vel. 

Å gjera vondt å vilja vel, å gjera vondt å vilja vel, å vilja vel. 

 

 

GAMLE DAGAR 

​

- Tekst Aa O. Vinje, melodi Magne Skjævesland -

​

Magne Skjævesland: vokal

Birger Mistereggen: trommer/perkusjon

Anders Søraas: el. gitar

Sondre Mæland: el. bass

Anders Aarum: trøorgel

​

I gamle dagar gjaldt det på med kniven godt å køyra.

Det gjaldt ein mann å kunne slå i svime under øyra.

Den som slo best så blodet rant, den mann var landets største mann. 

I gamle dagar, i riktig gamle dagar. 

Slikt kalla vart å vera kar, han tok og gav det verste.

Han derfor alltid prisen bar, og alltid fekk det beste: den beste jenta beste song,

for han var det som landet trong. 

I gamle dagar, i riktig gamle dagar. 

Å fara fram så vond og vill, det er for oss på tverke.

Men alltid må vi trenga til, å vera gutar sterke.

Det treng vi til i dagleg lag, men aller mest på stridens dag. 

I gamle dagar, i riktig gamle dagar. 

 

 

TURID PÅ TAUTRA 

​

- Tekst Aa. O. Vinje, melodi Magne Skjævesland -

​

Magne Skjævesland: vokal som Forteller og i rolle som Olav

Birger Mistereggen: trommer/perkusjon

Anders Søraas: ak. gitar (stål)

Sondre Mæland: el. bass, vokal i rolle som Wilhelm.

Anders Aarum: piano

Annette Munster: vokal i rolle som Turid

 

Turid dotter var til Olav Kåsa, som var Trøndelagens største mann.

Og frå Ravnista der oppi Snåsa, ættartalet frå det første rann.

Dette jøtulsblod, som i makt og mot, knapt blant norske ætter liken fann. 

Kristendomen kom men endå lenge, varte gamle ville vikingtid.

For om folket dåpen hadde fenge, ikkje ånda kom som dua blid.

For den gamle tru, er så sein å snu. Lenge sitja gamle røter i. 

Olav kvart eit år i viking vanka, her var vikingstraumens utfallsos.

Om det minka var så endå sanka han med det sin rikdom og sin ros.

Prydnad Turid fekk, så at gild ho gjekk, der i bygda som ei beledros. 

 

O: Alt det gilde jenter skal læra skal også du læra, du mi eine dotter. Ja, du skal hava ære eg ved Odin vil. Du er ingen mann så du strida kan. Men så skal du læra strengespel. 

 

For sin fader og dei andre gubbar, syng og spelar Turid mang ein gong. 

Ville viking blidt i draumar dubbar, når han høyrer elskhugsfulle song.

Om den riddarsmann, når si møy han fann, men at vegen vart til sæle trong. 

 

O: Når du syng og spelar slik, mitt hjarta bankar. Ja, du meg fyller opp med mange tankar. Men det er så ofte me fær sjå: den som mest er snill, hev og gjev og gild, sjeldan vi i lengda njota får. 

Derfor vil eg at du skal deg gifta. Og du skal han Sigurd Sundnes få.

Han er sterk og tunge hogg kan skifta. Brotnar sverdet kan han svimeslå.

Rik han er og stor og i ætt med Tor. Slik ein tingmann skulle du aldri sjå 

Fader hans og eg me så det gjorde at av dykkar kunne verta par.

Gamle kloke fedrar aldri torde lata jenta velja sjølv sin kar.

Beste jenta tidt, såg me breidt og vidt, til å velja mann ein dåre var. 

 

T: Takk då far, for guten som du vil meg gjeva.

Men- for ung eg er. Og så må eg sauma meir og veva, før slik ein gard og heim og mann eg fær. Jenta alltid må før ho mann kan få, hava lært til gagns all jentegjærd.  

 

Men ho hadde det var rette grunnen, til ein annan føste hugen lagt.

Hennar rette mønstermann var funnen, og det første dyre «Ja» var sagt.

Og eit slikt eit ord, som dei unge svor, løyser ikkje sjølve faders makt. 

Men til fader sin ho ikkje trudde, det var endå verdt å seia frå.

Når ho leika smått og fint det snudde; då ville han med eigne auga sjå.

Hennar festarmann, og visst tru at han, var den beste som ho kunne få 

 

T: Nei å nei! No har eg høyrt at han, guten min Wilhelm, er teken, då min fader tok hans faders borg. Sant ut av laget han støtt vert dregen som ein træl på tilje og på torg.

Men så vis som han finst her ingen mann i vår heile ville vikinghorg. 

Og i ætt han kan på alle vinna. Så det er ei synd at han er træl.

Dette same fader min må finna, når med honom eg fær tala vel.

Visst han mjuknar då, og må villa sjå meg, si moderlause dotter, sæl. 

Fader min vil likeins sanna, her finst anna gjævt enn vikingmot.

Og at dette liv er meint for anna enn å bli blanda opp med blod.

Han vil læra visst, at den kvite Krist framom andre var så mild og god. 

 

Men den stride Olav ikkje kunne, stiga som ein omvendt mann i grav.

No som då han yngre var han unde, i denne tru som honom styrke gav.

Bort kom Turids træl, ingen visste vel, kvar den arme gut var vorten av. 

 

T: Høyr no fader min: Vi to er sterke båe kvar for seg. Liksom du min gut i grava lagde,

legg i grava eg meg sjølv for deg. Som så mang ei møy, uspurt deg, i klosteret gjenger eg. 

 

Dit ho gjekk og song og bad og trudde, at ho hadde valgt for sæla best.

Der ho kvitkledd gjekk og heime budde, og var Kristi brud og Herrens gjest.

Men vårt livsens mot, og det unge blod, krever meir enn bønebok og prest. 

Wilhelm, trælen, fort som fuglen rømde, då han såg det beint på livet bar.

Heim han kom og folk til honom dømde, farens adelskap og store gard.

Men si Turid då, støtt han tenkte på, fekk seg skip og siglde dit ho var. 

Brud til brullaups var ikkje lett å taka, heller som til likferd kom han dit.

Men han klostret fann for han seg raka, og som munkebroder kom han dit.

Varmt han Turid bad, følgja seg av stad, og på Gud og honom setja lit. 

 

W: Høyr no kjære Turid: Sør om Nidaros der skip oss ventar. Snart me smetta gjennom gjerdeled. Folk og flåte fekk eg for å henta deg åt meg til fagre Valland ned.

Eg og du skal der gløyma motgang her, leva sælt og døy i Herrens fred.  

 

Just som båten han fekk løyst frå bandet, kom alle klosterfolka etter då.

Båten i mørket stakk så kvast frå landet, at der inga frelse var å sjå.

Då det ute var, tok han Turid snar, med dei ord: W: «eg vil deg endå få» 

​

Brudesenga dei på botnen reidde, bølgja brudesongen var for dei.

Skum på senga seg som laken breidde, tang og tare prydde deira heim.

Ned det sokk og seig, men mot himlen steig deira ånd frå fjorden som ein eim. 

​

 

 

DRENGEN FINNER DROSA 

​

- Tekst Aa. O. Vinje, melodi Magne Skjævesland -

​

Magne Skjævesland: vokal

Birger Mistereggen: trommer/perkusjon

Anders Søraas: ak. gitar (stål), pedal steelgitar

Sondre Mæland: el. bass

Anders Aarum: piano, trekkspill

Annette Munster: koring

 

Til sist eg fann den møya som så mang ei von om sæle gav,

men dette som eg drøymde om eg fann så godt som inkje av.  

Ho var vel ven og kvitt og raudt såg ut som blomens fagre lit,

men kjære vene alt er no daudt, når ikkje der er attåt noko vit. 

 

Det er ein gamal skikk og sed, å rosa fagre fot og hånd,

men den som du skal leva med må attåt hava noko vit 

Eg veit vel at den fagre møy er største synet du kan sjå,

men vel du veit at kjøt er høy, som visnar først og turkar då. 

 

Eg spratt ifrå og drog meg nær, i ordaleik som vitfull dreng,

men svar eg fekk er som når du slår på klokka som i vatnet heng. 

Eit auga som av kjærleik vått ein munn som skapt til Herrens pris,

men mælet det var så rått, det gjennomskar meg som is. 

 

Det gjekk meg her som tidt med deg, at mest eg elska langt ifrå,

og ettersom eg nærma meg tok elskhugsfuglen venger på. 

Eg ein gong au vel fær å sjå at langt ifrå er ingen kjær,

men at eg elskar elskar på alt ettersom eg rykkjer nær. 

​

FERDAMINNE

TEKSTER & INSTRUMENTERING

Falketind er navnet på et musikkband-prosjekt som presenterer musikk komponert av, spilt og utgitt av Magne Skjavesland med band.

Bilde: FALKETIND av Otto Valstad

NYHETER

Viking 3.tiff


Olav den Heilage - albumutgivelse 1. mai 2023 med 10 sanger.

 

​

​​​


​

Lytt til albumet: 

  • Apple Music
  • Spotify
  • Deezer
  • Amazon
Viking bilde 1 (1).tiff

Lytt til albumet Villroser på:  

Lytt til albumet Ferdaminne på:

  • iTunes Store - Falketind last ned
  • Spotify - Lytt til Falketind
  • Hvit Deezer Ikon
  • Amazon music - Kjøp Falketind
  • iTunes Store - Falketind last ned
  • Spotify - Lytt til Falketind
  • Hvit Deezer Ikon
  • Amazon music - Kjøp Falketind
bottom of page