Magne Skjævesland: Vokal, Akustisk gitar.
Geir Sundstøl: Gitar, Mandolin, Marxophone, Guitar-o-phone, Banjo.
Erland Dahlen: Trommer, Perkusjon, Sag.
David Wallumrød: Wurlitzer el-piano, Minimoog, Orgel.
Mathias Eick: Trompet
DJERV I KAMPEN
Som ung vende du havhesten din mot Danmark. Nyttig vart ferda nordifrå, og no, no er du mektig. Mektig av slik ei vågeleg hærferd, konge, konge.
Djerv i kampen var du, kraftig dåd er ditt virke.
Med blenkjande årer rodde du skip til Austersaltet. Landet ditt du verga med høge skjold på skipa. Du nytta segel når vinden venleg kruste havet, konge, konge.
Djerv i kampen var du, kraftig dåd er ditt virke.
Brårodde årer fekk slite bølgja under di skute. Folk vart skremde og fælne overalt der du for fram. Steik fekk ramnen etter at du rydda nes i Svitjod, konge.konge.
‘Djerv i kampen var du, kraftig dåd er ditt virke.
ÆGIR
Med to skip reiste du frå England . Ah, du skydde ingen farer. Straumen den strie kunne ha slukt begge skipa, og mannskapet var i stor fare.
Du frykta ikkje Ægir, du for over storhavet. Betre mannskap får ingen konger.
Haralds ættling; ofte du øvde deg i sjøferd. Inntil med brott om baugen, du bauta mot Noregs vestland, vestland, vestland.
Du frykta ikkje Ægir, du for over storhavet. Betre mannskap får ingen konger
Du forer dei svarte ramnane, og skattar tok du meir enn nok av hit. Eit staseleg skip tok du frå Håkon jarl, og han sjølv tok du jamen attpå, attpå, attpå.
Du frykta ikkje Ægir, du for over storhavet. Betre mannskap får ingen konger.
Du samla dei beste karane, dei du søkte tidleg i ungdommen. Hit til dine eigne ættarland. For deg måtte jarlen vike, vike, vike.
Du frykta ikkje Ægir, du for over storhavet. Betre mannskap får ingen konger.
FØLGJE I STRID
Du ønskte meg skalden lykke på reisa. Eg sende dei beste helsingar til deg. Nødig hefta eg knarren, eg gav deg edle herre; det ord attende som brynjekledd du gav til meg.
Men Svein jarl såg eg i nauda den gongen vi seglde saman han og eg. Då sverd song med kalde tunger skarpe viser. Betre fyrste enn han får eg aldri følgje i strida. Den kjære herren, kva som enn måtte hende.
Han kunne eg følgje i strida, følgje i strida. Følgje i strida, i strida.
Men no er han bortgangen, den gode herren Han er ikkje lenger blant oss her på jorda. Eg vraka aldri venen min, som eg vann den gongen. Eg vart aldri lei han, som ung eg kjende han vel.
Men frå no kan eg følgje deg, gode kong Olav. Eg skal følgje deg overalt i strida. Følgje i strida, i strida.
Sverdsvingar, eg kryp ikke, eg kryp ikkje for deg. Ei skute, ikkje så lita, vi rustar no til deg.
Eg skal følgje deg Olav i strid, følgje deg i strid. Følgje i strid, til evig tid.
Følgje i strid, eg skal følgje deg i strid, til evig tid.
HØYR KVADET
Høyr på dette kvadet, du som herjer mørke skuter. Dikta kan eg drotten min, ein skald kan og bør du eige. Om du enn nektar andre skaldar å kveda. Eg vil på eigne vegne, din dåd i viser prisa. Store høvding, du som herjer med mørke skuter.
Herre av meg skal du høyre nok av kvad , eg vil hedre deg.
Ivrig tok eg imot sverdet ditt, og eg angrar det aldri sidan. Å vera stridsmann var vilja mi, eg valde eit herleg yrke. For gull som Fåvne låg på, du fekk ein trufast hirdmann. Og eg fekk ein god husbond, godt har vi stelt oss begge. Store høvding, du som herjer med mørke skuter.
Herre av meg skal du høye nok av kvad, eg skal hedre deg.
KONGENS NÅDE
Kongen sine hirdmenn, smykker denne hallen, med hjelmar og brynjer, ja sjå!
Ingen blant unge konger, seg roser av betre bunad. for huset sitt enn dette her!
Hallen er heilt herleg, hallen er heilt herleg! Best er kongens nåde!
Her er eg heimkomen, tenk no hirdmenns herre, på din stallar. Folk her skal få høyre tala mi. Sei meg, korhen har du sete for meg, din tjenar? Hos dine huskarar? Alle her i hallen likar eg godt! Best er kongens nåde!
Eg veit ikkje om du tenkjer å vera stallaren min meir, Sigvat. Sei meg, har du blitt kong Knuts mann no?
Knut gåvmild på ringar av gull; spurde meg om eg ville vera huskaren hans, så vel som din, hugstore Olav. Eg sa som sant var at ein drott om gongen vel meg høvde, vel meg høvde.
Best er kongens nåde!
Ja, få høyre tala di då, Sigvat!
Kongen sine fiendar farer med lause pengepungar. Folk byr ofte det tunge malm for kongens hovud. Men eg veit at kvar ein som sel for gull den gode kongen sin, ein gong vandrar til svarte helvete, og han er verd det.
Sørgjeleg løn i himmelen fær han som her på jorda driv med svik. Han dømast i djupet av ilden sin konge, av ildens konge.
Gulldekorerte sverd ser eg her i hallen. Eg rosar dei, dei er som årer som ror i blod, som ror i blod, dei ror i blod.
Eitt av desse sverda tek eg gjerne imot; om du vil gje eit slikt sverd til meg. Eg har alltid stått stødig hos deg, du gullrike, edle konge!
Best er kongens nåde! Best er kongens nåde!
Her Sigvat, dette sverdet skal du ha! Sverdet er no ditt!
Takk då, edle konge!
RAMNEN
Glade vart neppe jærbuane etter det som hende i natt. Innmed Bokn tapte han Erling Skjalgsson det slaget vi vann mot han. Han rana meg så det enda ille på alle vis. Vi vann den larmande striden, landet skulle bli mitt.
Ramnen eter av liket, ramnen eter av liket!
Eg for sint over skeiden, sint over skeiden! Er jorda skuld i mannadrap, er jorda skuld i mannadrap, i mannadrap!
Eg sa til Erling: Du vende ansiktet til meg i dag, du vende ansiktet til meg i dag.
Han sa: Ansikt til ansikt skal ørner klorast, ansikt til ansikt skal ørner klorast, ørner klorast.
Eg sa: Merkast skal du kongesvikar, merkast skal du kongesvikar.
Eg rispa han på kinnet men Aslak hogg han ned, eg rispa han på kinnet, men Aslak hogg han ned.
Ramnen eter av liket, ramnen eter av liket!
Aslak er skuld i mannadrapet, Aslak er skuld i mannadrap, i mannadrap, i mannadrap.
Eg sa til Aslak: No hogg du landet ut av handa mi, no hogg du Noreg ut av handa mi.
Ramnen eter av liket, ramnen eter av liket.
LYKKA ER FATTIG
Lykka er fattig i landet, der den ljuve kvinna, gullprydde viv, bleiknar attom havet. Aldri eg lengta etter større lykka i livet. Villvene lindetreet, visnar til mi kvede.
Den fagre gangaren såg eg føra fram over haugen, med kosteleg byrde: kvinna med dei klåre augo. All mi glede er glada! Ofte missfer seg mannfolk, ofte missfer seg mannfolk. Ofte missfer seg mannfolk. Venleg sat ho på hesten, tvang han i trav over tunet.
Før sto den store eika så frisk, med lauv og blomar. Vinter på vinter der i Gardariket. Brått har treet bleikna. Bjarte halsbandet blenkjer om kapp, med bivrande tårer, bjarte halsbandet blenkjer om kapp med bivrande tårer.
STIKLESTAD
Uveret tjuknar rundt oss, pileskyttarar. No veks økstid, og bønder ikkje veikt må vingle.
Vi går til striden, den veike må vakte seg for å tale. Vi går glade til strid, til spydting med Olav.
Vi har ein god konge, men no er det ikkje godt å seie om kongen får eit langt liv. Eg har ei bøn kong Olav, at du ikkje lar oss to skiljast, korkje i liv eller død.
Stolt var hjartet til Olav der på Stiklestad. Fram han steig, blodige våpen fekk bite. Hæren helste kampen.
Alle Odins kjemper utan kongen, såg eg i pileskura bak skjolda. Alle fekk røyne.
Dei fann meg i pileskura, og no er eg her hos deg, gode kvinne. Undrast du armfagre over at vi er så bleike? Av sår blir få fagre. Dei fann meg i pileskura, men no er eg her hos deg.
Gjennom meg skarpe stålet, stukken med makt. Farleg jarn beit meg nær hjartet trur eg. Undrast du armfagre over at vi er så bleike? Av sår blir få fagre.
Godt har kongen fødd oss, enno er eg feit om hjarterøtene.
NATTA GRÆT
Aldri såg vel folk som førte skjold og sverd i strid, større hær av hersar og av bønder.
Fælsleg var det for bøndene, som førde øks og pil og boge, å sjå inn i dei kvasse augo til kampklare Olav. Trønderske menn som førde skjold og sverd og spyd, torde ikkje møte ormeblikket, farleg fann dei herren sin!
Freden var slutt. No storma brynjekledde folk til kampen mot herren sin. Jorda langvegs drønte under hærfolk sine føter. Folket drap høvdingen sin då sverdsvingarane i striden, felte den store, gode kongen sin.
Dette vart stridsfyrstens fall, men eg klandrar ingen, eg klandrar ingen.
Sola slokna heilt. Jorda hylla seg inn. Natta græt frå himmelen, midt på dagen!
Kjempene gaus! Dei som hadde sigra, stirde ut i natta – dei sto der skrekkslagne!
GLÆLOGNSKVIDA
I Nidaros der Olav ein gong budde, før han for til himmelrike, blei det som alle veit, ein heilagdom av kongen reist.
Der ligg med heil lekam den reine kongen, bak alteret i eit skrin. Det veks hår og neglar på lekamen hans.
Der oppe på alteret til Gud si ære, der brenn kjertene natt og dag.
Der kimer kyrkjeklokkene av seg sjølv, og det høyrest klokkeklang, klokkeklang over han.
Olav frelste sjela si før han for til himmelrike. Dit, der den heilage kongen kviler, dit kryp ein hærskare av folk. Sjuke og blinde søkjer bedande dit til herren sin, og dei går friske, dei går med synet derifrå.
Så kong Svein, du som er den nye , unge kongen vår:
Be til Olav at han deg unner, velstand i dette landet. Gud sin mann er han. Han kan få av Gud sjølv, år og fred for alle mann, om vi bønene våre retter mot han, mot han.