hvit Mist
hvit Mist

Magne Skjævesland: Vokal, akustisk gitar.
Geir Sundstøl: National gitar, banjo, marxophone, optigan, saxonette, munnspill. elektrisk gitar, pedalsteel.
Erland Dahlen: trommer, perkusjon, logdrums, blossombells, sag.
Bjørn Holm: kontrabass, koring.

 

 

STOLPEN
Det var så underleg tomt på stasjonen, det er stunder då London søv. 
Eg stødde meg trøtt mot ein stolpe, og lydde med øyret mot.
Det er sant du er hjartans lengsel, visdom fyller barmen din. Du såg born 
som græt og smilte, farsaugo byrge av kjærleik.
Eg er sterk, eg er sterk, kven kan bære slike bogar, eg er sterk, eg er sterk,
årevis med strake kne.
Du hørde alt som ikkje vart sagt, når unge kysste einannan. Du kjende gamle
folk stødd imot deg, klamrande fast med kvite knokar.
Men då eg lutte mi panne mot stolpen, slo berre min eigen puls.
Stolpen løfta sine bogar, støypt i stum betong.

HAUSTDAG
Haustdag i Studentarlunden, sola skein så vidt, hugen min til deg er bunden,
gjev meg hjartet ditt. Tusen steg på lauvsblad bleike, eg stogga, eg sto stilt,
berre det at hjarta kveikte, altarljos var til.
Å, dei evige sekundar, mellom natt og dag, då det tagde tusen munnar,
berre ein var att.

EIN VELSIGNA DAG
For ein velsigna dag. Så blå ein himmel sæl ei sol, og mildt eit sommardrag.
Ein tanke gjer meg ør. Eg veit ei jente som hugsar meg, i dag som dagar før.
Eg veit ho går og ler. Når draumar smyg om blad og blom. For sommaren er nær.
Eg veit at året går. Men drøymt er livet endelaust. Og no er året vår.
For ei velsigna tid. På himlen skin eit sorglaust ljos, ho Hel held stengt ei tid.
Eg veit ho går og ler. Når draumar smyg om blad og blom, for sommaren er nær.

SJALUSI
Kvelden flaut blågrå innpå, eg såg dei begge. Dei sto i eit nybrott.
Han hadde lagt frå seg. Jernstaur og slegge. Ho smilte og drøymde for han.
Eg såg på stille, berre det at ho var her. For tusmørket toste om det ho ville, det som ikkje vart sagt, og ikkje torte te seg. Men det som turte kom natta og tok med seg, det som turte kom natta og tok med seg.
Eg sa til ho: Kor blir det av deg?
Eg såg meg ut under himmelen, straks før eg la meg. Eg talte stjerner.
Eg sa til ho: Kor blir det av deg?

NATT PÅ SÆTRA
Fjell og ljose tindar, inn i mørker stig. Bleiknar og kjem bort der natta søkk og sig, fram på sine dimme vengjer.
Midt i flokken blant kyrne, lat oss bli; kom la meg kjenne bringa di mot mi. Det er natt og svart i skogen. Eg må ha deg her i armen min i natt. Gøym deg her hos meg, til dess at dagen atter ljosnar, over himmelbogen.
Gamle vindar tuslande, gjev hjarta svar. Kjem du skog med dine dyr og dulde far, det er best eg kveda stengjer. 

ÅLEINE
Åleine er alle bankende hjarta, og himmelen er høg og stum. Frimodige stråler speglast mot hav, slik er dei djupe tonar, som berre gjev atterljom frå ei grav. 
Ved midnattstid lettnar den vonlause tanken, mot vide vidder og fjell. Stjernene blinkar, men vengen er skjøyr, flaksande fuglen skjelv, gripen av otte skjelvande døyr.
Kjære du veit våre heilage stunder, ingen kom eg så nær. Men alltid vi stirte pansra og kledd, gjennom eit fengselsgitter. Mi einslege sjel er uroleg og redd.  Møtes nokon i æva?
Når ein gong det ringer for siste gong, og svevnen hjartet mitt har sveva, skal brynja breste, ho vart for trong, men sjela kverv i sin såre song.

DEN KVITE ROSA
Framand kom eg fram og såg ei tjøra kyrkje. Søndagssol mot regngrå skyer blenkte. Helgekledde folk heldt kviledag i yrkjet, kom frå gardane sigande fortenkte. 
Einsleg kom ein mann mellom bjørker ljose, etter at kyrkjefolket vel var inne. Han gjekk til kyrkjegarden med så kvit ei rose, og la ho stilt på grava til ei kvinne.
Høgt på himlen såg eg bogen stå og skine, livsens ånd hadde blanda sol og regn isaman. Og det hende dagen rann for augo mine, svimren såg eg livsens sut og gaman.
Alt er ditt om ned du fell for mine føter, smil og tåre vart ein blom i bringa. Rosa blømde kvit og skaut or gamle røter, eg fall på kne; av elsk var hjarta tvinga.

 


TROLLBUNDEN
Det ruskar lauv og kvistar, ja hausten er så grå. No kjenner eg natta ho listar seg stilt mot meg på tå.
Berget seg bak meg lukkar, sin tunge kalde port. Og hjartet græt og sukkar, det vil så gjerne bort.
Eg lokka er og dåra, og tida fell meg lang. Å, ring meg ut med klokka, til grøne kyrkjevang.
Hesten har stansa for plogen, og sjølv kan eg sitja eit bil. Vårbakken ligg der med pløgslene, reidde i skinande skil.
Sterkt står den svartbrune mold, mot den blåleitte kvelv. Eimane spelar mot himlen, ein tone som levande skjelv.
Hugen min helgast, eg skygger for augo og tor ikkje sjå. Eg kjenner vår Herre og høyrer han stilt over vollane går.
Signande jorda vermer, mitt frostsjuke hjarta som tagg. Lut i det fløymande under, står hesten og laugar sitt ragg.

ROSA
Rosa stirde mot det blå, vårregn hadde henne lauga. Bøygde eg meg fekk eg sjå, ho hadde tårer enn i auga.
Rosa reiste seg frå mold, våren var nyss komen. Hennar blodlet fagert svoll ho var ung, ho var frisk, ho var fullkomen.
Ung full av redsle eg græt, når mi framtid mot meg blåna. Våren hjartans jord forlet, sumarsol mot hausten gråna.
Rosa lutte mot mold, våren var langt komen. Ingen blodlet lenger svoll, ho var visna bleik, forkomen.

SYNNØVE
Du går og ter deg fram så fin og kan så vel deg skikke. Eit lite staup av livsens vin, som kanskje eg får drikke.
Eg ser du smiler frydefullt, mens sjela klukkar stilt. No narrar du ein diger skult, det er nok det du vil
Men høyr: Det var ein gong ei jente, som ikkje var så fin. Ho måtte gå og vente på bryllaupsdagen sin.
Men jenta hadde glede, av framtidsdraumen sin. Ja, jenta sydde klede av silketøy og lin.
Og når han kom den eine som henne skulle få. Då skulle han åleine fåå hennar bunad sjå.
Men dei åra dei blei forbanna, om bunaden vart grom. Den rette tok ei anna, så dagen aldri kom.
Så på si svarte båre, ho reidde brureseng. Der fall ei einsleg tåre, den lagnaden var streng.
Og du Synnøve: Du går og ter deg fram så fin, og kan så vel deg skikke. Eit lite staup av livsens vin, som aldri eg får drikke.
Eg ser du smiler frydefullt, mens sjela klukkar stille. No narra du ein diger skult, og det var nok det du ville.
 

VILLROSER
TEKSTER & INSTRUMENTERING